Trollbua Eggedal
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Test

Test

MiniDeo

Art.nr: MiniDeo
50,-

MiniDeo fra Vossabia

Føl deg fresh frå dusj til dusj, i kvardag og på dine eventyr! Vossabia sine naturlege deodorantar er effektive til å nøytralisere kroppslukt, med kun supersunne ingrediensar frå utelukkande økologisk landbruk. Ingrediensane er spiselege og mykje blir brukt i vårt vanlege kosthald. Det er bio-bakepulver (utan aluminium og fosfat) saman med pilerot (ein fantastisk helsesam stivelse som er rik på B-vitamin, kalium og andre gode mineral og vitamin) som held unna kroppslukt og samstundes held deg tørr og fresh under armane. I tillegg er det kokosolje, kakaosmør (fairtrade i tillegg til øko.), sheasmør, jojobaolje og bivoks i dei, i tillegg til dei ulike duftane. Den naturlege deodoranten skal smørast med eit tynt lag under armane, og dette kallast Pit Paste i USA blant anna. Det blir ikkje klissete, og du held deg fresh og deilig heile dagen og vel så det (for meg held den i over eitt døgn sjølv med aktivitet). Og så likar jo eg at den er så sunn at det er meir som kosttilskot rett under armane ,) Og heldigvis veldig effektiv også!

Finnes i duftene:

Sensuell dufter nydeleg, djupt og sensuelt av kardemomme og ylang ylang. Du kjenner igjen duften frå den deilige erotiske Sensuell-salven vår. Ein av dei mest populære duftene. 

Sitrus er herleg frisk og lett, med sitron og sitrongras. Den mest populære duften, ein duft alle liker uansett alder og kjønn. Du kjenner igjen duften frå den deilige Sitrus Kropsskrubben vår.

Skogsdeo dufter deilig frisk og mild einer, ein av våre mest medisinske og nytta tresortar, og sjølvsagt overalt oppover Vossabiafjellet. Du kjenner igjen skog og einer frå Sjampo og Vill Kroppsbalsam, herleg!

 

Trykk ENTER for å søke